KVEITEKLEPPEN TIL  "JAN-LARS"

 

Dene store kleppen har funnast i Milnaustet så lenge eg kan minnast. Då naustet vart rive på grunn av orkanskadane i 1992, vart   kleppen flytta til stabburet vårt på Milhaugen.


I skaftet på kveitekleppen er innskore :

        "LJSL  - år 1900"       (  LarsJanSonLesto)

 

 

Jula 1994  tok vi kleppen inn i stova. Den fekk plass på mursteinsveggen ved peisen,  saman med ausekaret til Mattis.

 

Eg nemnde dette til onkel  Arthur, som  fortalde denne historia:

Jan-Lars budde på "JanHauen".(MariusHauen).

Namnet hans var Lars,  son til Jan., og kalla Jan-Lars.

Den arme mannen måtte prøve mykje her i livet. På sine gamle dagar vart Jan-Lars "galen".  Det var heller ikkje så rart.  I fyrste ekteskapet fødde kona, Marie Dorthea Olsdtr. Eide, 6 born som dei mista  fleire av:

 

I 1891 døde dattera Lovise Christine av hj.hinnebet. 6 mdr.gml.

I 1892   "        "        Lovise - same dagen ho var fødd

I 1892   "     eit ufødt barn i mors liv (tvilling med Lovise)

I 1892   "     kona Marie under denne tvillingfødselen.

I 1903   "     dattera Anna 15 år gamal.

 

Dødsfalla gjekk hardt inn på  Jan-Lars. Men kort tid etter at kona døde i 1892, gifta han seg likevel opp att med systera hennar - Christiane Pernille Olsdtr. Eide.  Dei fekk 3 born:

 Marius  -              som overtok garden

 Marie   -              gift Almklov og mor til Ingvald.

 Lovise Kristine -  ugift og budde i Oslo.

 

Jan-Lars vart "utilrekneleg" då han vart gamal.  Arthur minnest at farlege reidskap vart gøymd bort for Jan-Lars. Familien ville på denne måten  hindre han i å gjere skade på folk. 

Arthur meiner sikkert at dette kan vere årsaka til at kveitekleppen hamna i nabonaustset.

 

Vi er i slekt med Jan-Lars. Syster hans, Johanne Bertine Jansdatter, er mi oldemor. Gift med Lars Listau  - min oldefar. Dei fekk 10 born som alle voks opp og nådde høg alder.

 

Leif Lesto

Jula 1994

 

Ausekaret til Mattis med initialane MASL:

MattisAnderSonLesto