BRENNTORV OG LØVPESTRENGAR
Torvhus og løypestrengar på Lesto


TORVMYRANE PÅ LESTO

Torvforekomstane på Lesto låg oppe på fjellkanten.
For Ytre Lesto, på Brunene på vestsida av elva.
Dei andre bruka hadde torvrettar i myrane mellom "Lisjehonje" og Lestovatnet.

LØYPESTRENGANE OG TORVHUSA PÅ LESTO.



Frå ca. 1900 - kan hende før - vart det mogeleg å skaffe løypestreng.
På Lesto vart det i alt montert 4 løypestrengar på den tid.
Strengane vart ein revolusjon i arbeidet med å få brenntorva til gards.

STRENGFESTA PÅ FJELLKANTEN


Bruk nr. l: Ytre Lesto
Strengfestet låg på fjel1kanten like vest for elva.
Strengspelet låg like ved torvhuset på Lesto,
ovanfor huset til Ola Lesto.

Bruk nr. 2: Rysta
Strengfestet låg på fjellkanten ut mot Lisjehonje.
Strengen kom ned like vest for Rystalada,
og var festa i store steinar der.

Bruk nr. 3: Miljorda
Strengfestet på fjellkanten, nokre meter aust for Rysta-strengen.
Strengspe1et låg ved steingarden i grensa mellom Mil- og Mariusgarden
ca. 20 m ned for den nye vegen,
der grenselinja bryt mot aust.

Bruk nr. 4 og 5: Mariusjorda og Lestoneset.
Desse bruka hadde felles streng. Strengfestet var eit oppmura tårn på fjellkanten.
Strengspelet låg nede på Mariusmarka, ca. 20 m ned for vegen ved Mariuselva.


ENDEPUNKTA NEDE


Strengen vart forankra bak fjellkanten, gjerne i ein kraftig øyebolt som vart mina ned i berget,
eller festa kring ein kraftig stein.
Strengen kvilte på eit oppmura steinfundament på fjellkanten.
Derfrå strakk den seg til gards. Strengen enda i "strengspelet" nede på gardane.
"Strengspelet" var ein kraftige trerull med endeboltar lagra i solide steinar.
Strengen vart lagd om rullen, og stramma opp med hjelp jernstenger / vektarmar gjennom hol i rullen.

Det hende at strengen slitna. Då måtte den skjøtast.
Harald Berstad var den som skjøtte streng siste gangen på Lesto.
Det var strengen til Marius.
Streng-endane vart skråslipte med fil slik at flatene var ca. 5 cm.
Ei tynn messingplate vart lagd mellom, og skjøten surra saman med tynn streng.
Så vart det fyrt opp varme under - med trekol. Blåsebelgen i
Rysta vart brukt for å auke varmen. Streng-skjøten vart varma opp til messingen tok til å smelta.
Då - på akkurat rette tidspunkt - måtte skjøten bort frå varmen og bankast hardt,
for å få ei kompakt fuge. Etterpå vart strengen filt til slik at den på nytt var glatt.
Var ein flink, vart den sterk som ny.

Løypestrengane på Lesto var i bruk fram til i 1950 åra.
På den tid vart elektrisk straum innlagd i alle hus. Då mest brukt til kokeplata for matlaging,
og til lys. Kol, koks og ved var framleis mest brukt til oppvarming.
I 1960 åra la Ytre Fjorane Kraftlag ny høgspentlinje til Selje.
Løypestrengane som låg i trassen for linja, måtte fjemast.
Alle dei 4 strengane på Lestovart då nedsenka og demonterte.
I utmarka går ein seg fram på dei der dei framleis ligg opp mot fjellet.
Dei minner oss om ei kort epoke då dei var eit kjærkome hjelpemiddel i folk sin harde arbeidsdag.


TORV VAR EIN LIVSVIKTIG RESSURS FRAM TIL 1950 ÅRA.

Torvmyrane har vore ein viktig energi-ressurs heilt frå sagatida og fram til 1950 åra -
til elektrisiteten vart allemannseige.
Ved utskiftingar (deling mellom bruka) av utmarks-områder vart det teke omsyn til torvrettar.
Rett til torvmyr i utmarka var livsviktig, slik som rett til vedteig~ og var.
At slike rettar i utmark var viktige, får ein inntrykk av f.eks.
ved å sjå i bygdeboka for Selje og Vågsøy av Jacob Aaland:

1757 Usemje om bjørkeskogen på Lesto.
1758 Skogen og febeitet i sameigeutmarka vart delt mellom brukarane av åstaderetten.
1758 Utskifting av utmarka.
1882 Denne utskiftinga vart tinglyst att.
1882 Merkelinja mellom grannegardane i nord og aust vart fastsett.
1891 Utskifting av innmarka.
1921 Utskifting av utmark og torvmyr.

Brenntorvet var det viktigaste brenslet for folk fram til ca. 1940-50.
Det voks ikkje lauvskog på innmark eller i nær utmark på den tid.
Tildelte vedteigar låg gjerne ulageleg til i farleg fjell.
Ein mann frå Lesto fall ned i fjellet og drap seg under vedhogst.
Beitande husdyr heldt både skog og eine borte.
Mange stader det i dag er tilgrodd med skog og eine,
ar det før krigen frodige grasbakkar der dyr beita.

Fyrst når geitehaldet i stor stil tok slutt etter krigen (1945/50),
og det vart ferre dyr på beite, tok skogen seg opp att.
Før 2. verdenskrig var det få på våre kantar som hadde råd til å legge inn elektrisitet.
Matlaging og oppvarming var basert på vedfyring, og sikker forsyning av god brensel var svært viktig.
God brenntorv har brennverdi som bjørkeved, og er derfor vel egna som ved.
Tilgang på kol og koks til oppvarming vart bedre etter krigen -
for dei som hadde råd til å kjøpe dette.



EIN KVARDAG I TORVET.

Etter at våronna på gardane var unnagjord, var mykje av tida fram til slåttonna avsett
til arbeidet i torvet, for å sikre brensel til komande vinter.
Det var karane på garden og heimeverande barn som tidleg på dag la ut mot torvmyrane bak fjellkanten.
Med seg hadde dei nødvendig reiskap og utstyr:

Torvkniv - til å skjere ned myrkanten med
Torvspade - til å stikke ut torvstumpane med
Greip - til å lyfle ut torvstumpane med
Berebåre - til å frakte torvet ut til tørking på lyngmarka omkring
Trillebåre - Dei som hadde trillebåre la gjerne ut fjøler for å lette tiltinga


For å klargjere myra til uttak av brenntorv, måtte det øvre jordlaget fyrst fjemast.
Fyrste dagen gjekk gjeme med til dette. Etter kvar i myra torvet vart brote ut, fekk det namn:

MOSETORV - var det øvre laget av brenntorv i myra. Dette var eit porøst og godt brenntorv.

STEINTORV - Dette var fastare og tyngre - som nanmet indikerer.
Steintorvet låg djupast i myra- 1,0 - 2 m nede.
Brennverdien var høg, og ferdig tørka
kunne det minne om kol.

Etter kvart som torvet vart teke ut, kom ein djupare ned i myra.
Den faste grøftekanten var godt utgangspunkt for å skjere ut stadig nye torvstumpar.
Med torvkniven skar ein ned ein høveleg brei tram.
Med torvspaden stakk ein så ut torvet i store stubbar.
Greip vart nytta for å løfte stumpane opp frå torvgrøfta.
Med trillebåra eller berebåra vart torvet frakta til tørkeplassen.
Med torvkniv var stumpane der delte opp i passe tjukke skiver,
og så lagde ut til tørk tett i tett på berget eller i lyngen.

Det er den nedbrotne massen frå gamal skog som har lagt grunnlaget for torvet i myra
Det var ikkje uvanleg at det nede i torvmyra kom for dagen store trerøter etter den gamle urskogen. .
Desse røtene var ei plage for arbeidet, men har nok og vore viktige likevel.
I panteboka som gjeld utskiftinga av torvrettane i 1921 er det nemleg fastsett at
"De i torv-myren fremkommende rødder skal tilhøre torv-eiern".

MAT I TORVET
Kona på garden gjorde unna husstellet heime. Tidleg på for-middagen måtte ho til med matlaging,
for mannskapet i torvet skulle ha mat til middagstid.
Kona bar så maten med seg opp til dei som venta ved torvmyra. Etter hardt arbeid var matlysta stor.
Det er fortalt soger om kor mange klubbar enkelte åt i torvet.
Det vert sagt at Trygve Berge "Tryggjen" - har rekorden med 16 klubbar.
Då han skulle ta den 17., var det ikkje fleire att.
Av mest vanleg kost i torvet var nok klubb og havregraut.
Tørrsild og kalde poteter var og god mat, og kunne takast med om morgonen.
Slik kunne kona vera med i arbeidet heile dagen.


Torvet vart "HYST" .
Når torvskivene hadde hatt god terre og var så pass tørka at dei heldt fasongen,
måtte torvet "hysast". Å "hyse" torvet var å sette torvskivene opp mot kvarandre,
to og to som ein pyramide. Ei tredje vart gjeme satt opp mot dei to.
Torvet vart raskare tørt ved å stå slik, enn om det låg på lyngen.

Torvet vart "STAKKA".
Etter som arbeidet i torvet skreid fram, vart det fyrste tørt nok til å kunne settast i "stakk".
Torvskivene vart lagde i ein sirkel på tørt underlag.
Diameter på stakken kunne vera ca. 1,5 m.
Nye lag torvskiver vart lagde på etter kvart, og stakken fekk til slutt passe høgde.
På denne måten vart torvet slutt-tørka.
Kor viktig torvet var, forstår ein når det vert fortalt at i slåtten,
når det drog opp til uver, var det berre å sleppe høyet og kome seg til
fjells for å berge torv som var hyst, og få det i stakk. Høyearbeidet måtte vike.

TORVHUSA PÅ LESTO.

I 1922 var det utskifting av utmark og torvrettar.
Kvart bruk fekk tildelt sine torvteigar, der grensene var sette med grensesteinar.
Usemje om rettar til myra, vart med dette avklara.
Dei 5 torvhusa i Kattahammeren er nemnde.
Der hadde kvart bruk på Lesto sitt torvhus som var i bruk fram til
løypestrengane vart tekne i bruk - truleg ved århundreskiftet.
Det var naturleg at dei stod der, langs stien ned frå fjellet. (sjå markering i skisse øverst)

Etter at løypestrengane kom i bruk, vart desse husa ikkje lenger nytta som før.
Det var ikkje lengar naudsynt å stasjonere torvet på "halvvegen".
No kunne torvet tørkast - og lagrast på fjellet ut over sumaren,
og til hausten firast ned til gards.
På Ytre Lesto vart det ikkje bygd torvhus på fjellet.
Torvet vart tørka i stakkar på fjellet.
Torvhus vart reist nede på garden - like ved strengspelet.
Det var lettvindt å legge torvet til lagnring der.
Ut over vinteren vart det henta den korte vegen til gards.


Torvhuset på Lesto 1993 Strengspelet ved torvhuset 1993


Dei andre bruka på Lesto valde å føre opp torvhus på fjellet.
Dei fyrste torvhusa der vart mura opp av stein, og lagde tak på.
Murane etter torvhusa til Rystane , Mil og Marius, ligg på fjellkanten.
Det er berre på Mil sitt hus at taket framleis er delvis intakt.
Sommaren 1993 la fam. Leif Lesto omatt taket på MIL sitt torvhus).
Torvhuset til Nesane, låg og der. Det var av tre, og er nedrotna.
Sidan husa vart lagde på fjellkanten nær strengen, er det truleg at
torvforekomstane var i nærleiken i den fyrste tid.
Kort transport var med å letta arbeidet.

Murane mot aust.
1. Rysta. 2. Mil. 3. Marius. 4 Neset.


Murar og strengfeste mot vest.


3. Feste og endepunkt for Mil sin streng. ( 2 Rysta )



Seinare vart torvuttaket flytta lenger bak på fjellet, og det vart
ført opp nye torvhus av reisverk.
Her bygde både Rystane, Marius, og Nesane sine torvhus.
Desse er og rotna ned, men restane kan registrerast.
Marius sitt torvhus stod fram til mot 1980.
Det vart no lenger transport av torvet frå dei nye torvhusa, og fram til strengen.

Harald Berstad fortel at både han og kona, Klara, bar torvmeisar frå
torvhuset til strengspelet. Han bar tre meisar, ho to, i kvar bør.
Ei torvmeis vog truleg 25-30 kg. Dei greiddet tre turar i timen -
men då gjekk det utan kvild. Kåre Berstad hugsar at han var med og bar torv.
Det var truleg tidleg på femtitalet, og på slutten av torvbrytinga på Lesto.